Søk i denne bloggen

onsdag 17. juni 2015

Bad oppe og nede


Bad 2.etasje


Golvfliser på bad oppe. Lyger litt i fargen på bilete.. 
Frå Flisekompaniet.



Endeleg fann eg matte kvite veggfliser som ikkje var dyre :) Også Flisekompaniet.




Mange valg å ta. Vihar valt denne kranen både oppe og nede.


(bilete lånt frå www.fossbad.no)

Baderomsinnredning frå Foss Bad i 120cm og eit høgskap på 40cm.



(bilete lånt frå www.daybyday.no)
Pureday dusj.


Bad 1.etasje:


Trur eg var innom alle flisebutikker i Ålesund for å finne grå fliser som ikkje var sviindyre.
Fann desse på FagFlis Ålesund og i tillegg veldig god service :)
Desse skal vere både på golv og vegg på badet. Og på golv på vaskerom.


(bilete lånt frå www.fossbad.no)

Vi skal ha høgglans innredning i 90 cm og med høgskap på sida som vist på bilete.

(bilete lånt frå www.alternabad.no)

Så skal vi ha badekar nede :)

Oppdatering frå 9.juni


Den 9.juni var vi i huset for å snakke med elektrikar.
Bilete over er når vi kom, og bilete lengst nede er når vi for. Her gjekk det fort :)



Inni kroken der er kjøkenet. Og over kjøkkenet blir det god lagringsplass :)



Till högre med vindauget blir eit lite soverom. Badet hadde her ikkje fått veggar endå, men er det nedfelte golvet. 
Blir mange lysbrytarar også som dykk ser!



Dette blir sovrummet vårt :) Stoooort vindauge :D



Utsikt mot Tennfjorden



Når vi var ferdige å snakke med elektrikaren så var dei nesten ferdig utvendig! :)




søndag 7. juni 2015

Hei og hå i 2015! Trudde ikkje eg skulle byrje å blogge igjen, men her er eg ;)

(Bilete tatt veka etter påske trur eg.)

Rett før påske kjøpte vi rekkehus i Eidsvika. Rett nedom tomta vår som vi kjøpte for eit år sidan :)

Fekk lyst til å blogge om utviklinga i bygginga, og sidan eg har stor interesse for interiør, blir det også inspirasjon undervegs.




Dette bilete er frå eit hus som er komt mykje lengre enn vårt. Kjekt å sjå korleis det blir med veggar :)


søndag 29. juni 2014

Litt fleire bilar

29.juni - heime

Det var 9 lange timar frå Havana til Paris. Så 2,5 time frå Paris til Oslo. Landa i Oslo 1535. Og flyet mitt (Veronica) går vidare 2150.

Manglar ei natt så trøtte i trynet, men glade for å kome heim:) 

28.juni - siste dagen

Laurdag 28. juni

I dag er det siste dagen vår på Cuba. Vi hadde nokre timar på stranda før vi gjekk for å prøve byens beste daiquiri. Den var god, men det artige var musikken og salsadansinga der inne!

Deretter åt vi lunsj. Det blei ein halv kylling på kvar! Mykje mat.

Vi handla litt souvenirar før vi gjekk tilbake til casa'en og dusja og pakka ferdig. Klokka 16:30 blei vi henta med taxi og på flyplassen hadde vi kjempegod tid.



P.s. takk for kjolen May-Liss! Godt brukt;)

27.juni - stranda

Fredag 27. juni - Havana

Vi starta med nokre timar på stranda idag og. Vi åt lunsj og dusja før vi tok buss til hotellet der vi budde dei to første nettene på Cuba. Vi kjøpte oss internett og fekk blogga litt.

Vi måtte ta taxi tilbake og kom akkurat i tide til middag i casa'en. Vi fekk servert ein fisk på deling, med ris, bønner og grønnsaker. Til dessert fekk vi glasert mango. Fisken var veldig god! Desserten var alt for søt, slik som mykje av godsakene er her borte.

Sonen til han som eig casa'en serverte oss. Eg syntes han såg ung ut så eg spurte om han var student. Då flira han og sa: nei, det må vere klimaet, eg er 38 år!

Veronica & Ane

26.juni - Leigde rosa bil

Torsdag 26.juni - Havana

I dag tok vi bussen til ei strand i nærleiken. Veldig fint med blått hav, kvit sand og lite folk! Vi var der i 2-3 timar før vi tok bussen tilbake.

Heime i casa'en dusja Veronica først. Sjølvsagt så gjekk straumen rett etter på... dermed måtte eg vente ein times tid før eg fekk dusja.

Etter dusjinga gjekk vi ut for å leige oss ein gamal bil til rundtur i byen. Vi fann oss ein kul, rosa cabriolet (Ford faktisk) og fekk oss ein time på rånetur i byen. Han stoppa ved nokre monument, og medan eg prøvde å vere interessert og ta litt bilete av det var Veronica berre opptatt av bilen.

Den var råkul!!

Til middag bestemte vi oss for å ete biff. Vi har ikkje ete noko anna en fisk og kylling, så det skulle bli godt med ei forandring. Vi fann oss ein restaurant og fekk servert nydeleg biff med bacon og ost poteter og grilla grønnsaker. Nydeleg godt! Vi blei litt overivrige etter den gode maten og bestilte oss dessert. Sjokoladekake og is. Den var ikkje så god som forventa.

Veronica & Ane

Bilar i La Habana

Det er veldig mange fine bilar her!! Det er verdt å reise til Cuba berre for å oppleve alle dei gamle fine bilane :)